Ørstakoret: Moteframsyning

Påska er over, so då er det vår, ikkje sant? Vi i Ørstakoret meiner at våren er komen og at det er

på tide å sjekke garderoba. Er det trong for ein ny sommarkjole, klede til 17. mai eller til

konfirmasjon? Vi er klare for ny motevising med nye klede og fargar for våren og sommaren.

Jarle Johnsen, bass i koret, tek oss gjennom nytt frå mange butikkar i Ørsta og Volda, med

kormedlemar som modellar.

Det vert korsong og dirigent Ketil Grøtting spelar piano til sjølve motevisinga.

Og det vert bugnande matbord, loddsal og trekking av gåvekort og andre flotte gevinstar, slik

Ørstakoret alltid bruker å ha det!

Velkomne til ei triveleg kveldsstund rundt borda på Ørsta Kulturhus.

Billettar får de kjøpt på nettet og i kiosken på Kulturhuset. Dørene vert opna kl. 18.35.

Inngong kr. 120,- inkluderer kaffi og mat.

Billettar til Ørstakoret: Moteframsyning

  1. Ons 4. apr kl 19:00 Festsal Les meir Salet ikkje opna
Vis hele programmet
_
_
_