Øysteins blyant

Øystein ber inn til eit fartsfylt og morosamt teikneshow der barna vert inkludert og krusedullane blir levande.

Han fengjer både dei små og dei store barna, og ein skal heller ikkje sjå bort frå at dei vaksne får seg ein god latter. 

Kom, sjå, le og lær ein heilt unik måte å teikne på!

 

Øistein er ein populær, internasjonal teiknar, kjend frå TV, og som har lært millionar av menneske å teikne gjennom sine TV-program, bøker, filmar og appar. Øistein kjem frå Noreg, men har budd mange år i Singapore og jobba mange forskjellige stader i Asia. Hans populære TV-program visast blant anna i Russland, Argentina, Midtøsten, India og Kina. Øistein sitt mål er å få alle til å teikne og bli meir dynamiske og kreative tenkjarar gjennom å bruke fantasien.

 

Billettar til Øysteins blyant

  1. Lau 21. apr kl 14:00 245/175 kr   Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_