Benny Borg: Da og nå

BENNY – DA OG NÅ

 

Endeleg her den her!

Framsyninga der Benny Borg er Benny Borg – med heile historien og alle låtene. Slagrane, med dei velkjende melodiane og enkle men kjenslevare tekstane, kjem som perler på ei snor:

 

En spennende dag for Josefine, Den store dagen, Balladen om Morgan Kane, I love Norwegian country, God morgen min kjære og mange, mange fleire.

 

Eit gjenhør med Benny sine eigne låter minner oss om hans genuine evne til å kombinere fengande melodiar med tekst, som med kjenslevare og skarpe observasjonar treff oss alle.

Allsidig som få, det gjer det vanskeleg å plassere han i ein bestemt kategori. Benny Borg står for noko eige og heilt unikt innan norsk underhaldningsmusikk!

Med godlynt sjølvironi fortel Benny også små anekdoter frå sin barndom i Sverige, og muntre historier om artistlivet. Alt akkompagnert av gitaren.

Gjennom denne konsertframsyninga opplev vi Benny som visesongar, gjøglar,showman og imitator. Med andre ord; som den allsidige og fleksible kunstnaren han er.

 

 

Billettar til Benny Borg: Da og nå

  1. Søn 29. okt kl 18:00 Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_