Bukkane Bruse på badeland

Victoria Productions AS presenterer denne nye versjonen av forteljinga om Bukkane Bruse på badeland.

Dei tre Bukkane Bruse skal som vanleg til seters for å gjere seg feite, men på vegen
oppdagar dei eit Badeland. Kva er no dette for noko rart? Kanskje det er noko
morosamt og spennande? Dette må prøvast.


Morosamt er det, og det blir sanneleg spennande også, for Trollet har blitt lei av å
sitje under brua å vente. Og når det kjem troll til Badeland, blir det både
spennande og vått!
Eventyret om Bukkane Bruse på Badeland har, som seg hør og bør, vore ein
eventyrleg suksess i Riksteatrets dukketeaterversjon. Og no kjem ein splitter
ny produksjon av denne moderne klassikaren for barn til Ørsta kulturhus med
skodespelarar i alle rollene.

NB! Fare for Troll...

Etter framsyninga kan alle som har lyst få møte Bukkane Bruse!
Varer ca. 45 minutt
Dramatisering – Tine Thomassen
Regi – Bjørn Sæter
Musikk – Marius Podolski
Scenografi – Per Olav Austdahl
Kostymer – Marianne Forsberg
Masker – Ingfrid Hvasset
Produsent – Victoria Productions AS

Billettar til Bukkane Bruse på badeland

  1. Tor 15. mar kl 18:00 Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_