Den lille havfruen

Den lille havfruen

Undervassmagi for heile familien.

 

 

Bli med inn i H. C. Andersens fantastiske undervasseventyr. Nede under havoverflata ventar prinsar og havfrueprinsesser, havhekser og havkongar – og draumen om å finne ekte kjærleik.  

 

På botnen av havet finst skogar av planter som vaiar i vatnet nett slik som trea på landjorda gjer i ein bris. Små og store fiskar glid ut og inn gjennom havplantene slik fuglane flyg mellom trea oppe over havoverflata. I den aller djupaste delen av havet ligg palasset til sjøkongen der sjøfolket lever. Her er veggane laga av lyserosa korall, vindauga av det klaraste rav. Taket er laga av små skjel som opnar og lukkar seg med små perler inni, og alle dei seks døtrene til havkongen sym ut og inn av palasset heile dagen og er lukkelege.

 

Den yngste av dei seks døtrene til havkongen, Den lille havfruen, er ikkje som alle dei andre. Ho drøymer om det magiske landet over havet der menneska bur. Ein dag vert lengta mot landet der oppe over havet for stort og Den lille havfruen sym opp til havoverflata og forelskar seg i vinden, sola, fuglane, skyene og i ein vakker prins. 

 

Vert draumen oppfylt? Får Den lille havfruen faktisk det livet ho drøymer om? Ta med deg familien og kom og sjå sjølv!

 

 

Av Mike Kenny etter et eventyr av H.C. Andersen

Oversatt av Morten W. Krogstad

Regi       Linn Meyer Kongshavn         

Scenografi og kostymedesign: Marianne Stranger

Medvirkende: Sofia Knudsen Estifanos og Dagfinn Tutturen

Familieframsyning. Frå 4 år.

Varer i ca. 1 time

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@orstakulturhus.no eller kinokiosken på telefon 70 04 55 00.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@orstakulturhus.no

 

_
_
_