Folk og røvere i Kardemomme by

Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert!

 

I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.


Har du hugsa å vaske øyra dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatrets oppsetning av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterframsyning full av energi, humor, dans og masse musikk. Du kjem til å møte ein frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i verda til Egner og opplev den magiske teaterstemninga på kulturhuset der du bur.  Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk.

 

Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ønskjer vi å innlemme ein ny generasjon i den felles kulturarven vår.  Ja, vi elskar Thorbjørn Egner!

Dei tre røvarane vil helse på barna i foajeen etter framsyninga.

 

Premiere i Nydalen, Oslo 2. november 2017
Turnépremiere på Nøtterøy 7. november 2017

På turné med Riksteatret til 70 stader over heile landet

 

Regissør: Kim Haugen. Scenograf og kostymedesignar: Siri Langdalen. Med Siren Jørgensen, John Sigurd Kristensen / Morten Røhrt, Jonas Rønning, Linda Tørklep, Jon Rørmark / Tor Ivar Hagen, Morten Røhrt / Lars Helge Throndsen, Olli Wermskog / Mathias Luppichini, Mats Holm / Øyvind Boye Løvold, Mikkel Niva / Erik Schjerven, Carina Furseth, Theodor Hellwig, Jan Huse.

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater.

 

Speletid: ca. 2 timar (inkl. pause).

Billettprisar:
Ordinær 250 kr (barn, vaksen, pensjonist, student)
Familiepris (grupperabatt for 4 eller fleire) 205 kr
Samarbeidspartnarar 205 kr. Må oppgje kode frå Bokklubben, Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet, ARK, Teatrets Venner, DNB-tilsette.
Coop-medlem 200 kr (må oppgje kode frå Coop på nett, eller vise medlemskort ved manuelt kjøp)
 
Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@orstakulturhus.no eller kinokiosken på telefon 70 04 55 00.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@orstakulturhus.no

Billettar til Folk og røvere i Kardemomme by

  1. Tor 22. feb kl 18:00 Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_