KONSERT // Backstreet Girls

Backstreet Girls har i over 30 år spelt i eliteserien i norsk rock. I fjor kom den fantastiske dokumentarfilmen "Tilbake til Muotathal", ein rockumentary som viser bandet frå mange vinklar, utan softfilter. No kjem dei endeleg til Ørsta kulturhus for å spele eit konsist og garantert overstyrt konsertsett, med høgoktan pønka boogierock! Festsalen er arena for konserten.

18 års aldersgrense grunna skjenkeløyve, ta med gyldig legitimasjon.

Vi opnar dørene kl. 20:00.

Support: Stingray går på scena ca kl. 21.

 



«Jeg vil nødig bruke ordet ekte, men jeg kan peke på noen andre som kan si det. I en meget striglet musikkvirkelighet oppleves de som noe genuint. Og selv om man skulle ha andre, eventuelt mer utviklede, musikalske preferanser enn bandets rock’n’roll, er det meget vanskelig ikke å umiddelbart merke appellen i spetakkelet.» – Audun Vinger, DN

 

 

Support: Stingray

Likar du lyden av eitt par stk Marshallar på 11, fengande 3-greps rockelåtar og ei kald øl eller to, då er Stingray bandet du bør ta turen for å høyre! Desse karane tek sannsynlegvis frå deg både pusten og trommehinnene med sitt forrykande show, her er ingen 13 minutts gitarsoloar eller anna jåleri!

Etter oppstarten i 2007 blei dei fort publikumsfavorittar, og har dei 10 siste åra spelt rundt om i landet. I fjor slapp dei sin første langspelar "Sucker Born Everyday".

 

Bandet jobbar for tida med eitt par heftige låter, og planlegg å sleppe desse til hausten. Dei blir å høyre denne kvelden.

Sist dei spelte på kulturhuset i høve visning av filmen "Tilbake til Muotathal" var det stor stemning, og dei er no storklare for å varme opp for dei levande legendene i Backstreet Girls.

 

Bandet består av

Kåre Myklebust: Gitar

Jossi Cash: Vokal og gitar

Kenneth Busch: Bass

Tore Ørstavik: Trommer

Billettar til KONSERT // Backstreet Girls

  1. Lau 23. sep kl 20:00 Festsal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_