Konsert // Frode Alnæs med band

MIN DANS MED STRENGER

Ei gitarforestilling av og med Frode Alnæs

3.februar 2018 har Frode Alnæs verdspremiere på ”Min dans med strenger” – ei soloforestilling om Frode sitt liv med gitaren! Her inviterar ein av Norge sine beste gitaristar publikum med på ei personleg, underhaldande og glitrande musikalsk reise – full av historier henta frå eige liv.

”Min dans med strenger” handlar om gitaren som ven, trøyst, gledesspreder, reisefylgje og kunstnarisk uttrykk. Den handlar om eit livslangt venskap med instrumentet som trøysta då håret fell av som 11-åring, om det å vere annleis, til det å slå igjennom som musikar og å bli ein berømt gitarist, artist og komponist.

Frode har mykje på hjarte i denne konsertforestillinga. Han ynskjer å fortelje historier som rører oss, historier han brenn for, historier vi kjenner oss igjen i - og som får oss til å humre eller hyle av latter. Gitaren og gitaristar vil bli hylla og hersa med, og vokalisten er naturligvis den store fienden! På kvar stad vil ein lokal gjestegitarist, ung eller gammal, bli invitert til å spele med Frode under forestillinga.

Gjennom 35 år som profesjonell musikar er Frode Alnæs blitt feira som ein suksessfull artist, låtskrivar og humorist. Han er den ultimate entertainer, og ein meister i å fjerne avstanden mellom scene og sal. Han har gjort det meste – og spelt med dei fleste. Han har besøkt kvar krik og krok av landet, opplevd oppturar og nedturar, og suksessar i inn- og utland dei fleste berre kan drøyme om. No gler han seg til å gjere det han er best på; å spele på mange strengar samtidig – og å dele artige betraktningar, opplevingar og store musikalske augneblink med sitt publikum!

Frode er musikalsk ansvarleg og Ivar Tindberg har regi på forestillinga som produserast av Frog Music AS.

Med seg på scena har Frode eit stjernelag av eit band: Morten Huuse (kapellmeister/tangentar), Knerten Kamfjord (bass) og Thomas Gallatin (trommer). På enkelte forestillingar vil det kunne vere vikarmusikarar.

Billettar til Konsert // Frode Alnæs med band

  1. Søn 22. apr kl 19:30 Teatersal ny Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_