Mikkel og Reverockerne med Ørsta og Volda korskule

Mikkel og reverockerne er nokon skikkelege luringar. Veit du kva dei gjer? Dei knabbar tekstene frå kjende barnesongar. Makan! Alle veit no at «Mikkel rev» til dømes er skrive av ... av ... ja, i alle fall ikkje av Mikkel og reverockerne. Nokon meiner til og med at dei juksar med applausen så det skal høyrest ut som publikum klappar ekstra mykje. Dei er verkeleg nokon sleipe og sleske karar. Men kanskje det kan bli ein bra konsert likevel?

 

Vi har invitert med borna i Ørsta og Volda korskule til å vere med på denne konserten. Det blir eit spennande møte der kjende barnesongar vert presentert i ei heilt spesiell innpakning, litt meir rocka enn vi er vande med.

Billettar til Mikkel og Reverockerne med Ørsta og Volda korskule

  1. Søn 29. apr kl 18:00 160/110 kr   Teatersal ny Les meir Salet ikkje opna
Vis hele programmet
_
_
_