Musikalen 2018: Cry Wolf

Musikalen 2018: Cry Wolf

Musikk- og medielinja ved Volda vidaregåande skule presenterer musikalen 2018 – «Cry Wolf»

«Cry Wolf» er ein heilt nyskriven musikal, tonesett og inspirert av verdskjende a-ha sin stemningsfulle musikk. Handlinga er lagt til Monte Rosa, ein fiktiv republikk sør i Europa. Der følgjer vi familien Meyer gjennom ein hendingsrik haust. Vi møter eit samfunn der den konservative vinden vert utfordra av unge og engasjerte demonstrantar. Eit samfunn der kjærleiken oppstår på tvers av politiske skilje, og der sjalusi, tragedie og håp blir vevd saman i eit nett ingen kan sleppe unna. Dette er Volda vidaregåande skule sin storproduksjon våren 2018. Elevane ved musikk- og medielinja er involverte i alle delane av produksjonen, frå song, dans og orkester, til visuell scenografi og kostymer. Nytt av året er eit samarbeid med Høgskulen i Volda, der førstelektor Vibeke Preus Bech er med som regissør for musikalen.

Premiere: Tysdag 13. februar kl. 19.30

_
_
_