Neshornet

Fartsfylt komedie – med meining

Nashorna kjem. Alle samanfall med røynda i dag er naturlegvis fullstendig tilfeldig.
Me er i ein fredeleg småby, der det plutseleg ein dag dukkar opp eit nashorn. Denne uventa
hendinga diskuterast både høglytt og i det stille – på jobb, på kafé og rundt om i byen.
Mange argumenterer med skråsikker skepsis. Nokon hevdar til og med at dei ikkje finnes.
Litt etter kvart blir det klart at ingen kan føle seg heilt trygg for nashorna. Eller er det òg slik
at nashorna er sterke, vakre dyr?
Kva er eigentleg skilnaden på menneske og dyr? Har me eit nedarvabiologisk behov for å
være ein del av ei gruppe? Gjer det at me – medvetne eller umedvetne – vel å tilpassa oss
den gruppa me ynskjer å være ein del av? Etter kvart som det blir fleire og fleire nashorn …
kva gjer du?
For den noko apatiske Berenger – som likar å nyte sitt glas med vin i fred - vert innmarsjen
til nashorna litt av ein vekkjar. Kan han stå opp for og halda fast ved verdiane i eit samfunn
der han tidlegare har kjent seg utanfor?
Når absurditetar vert faktiske tilhøve bør det kanskje ringja nokre alarmklokker? Ionescos
klassikar er ein tidsaktuell tankevekkjar.

 

Av: Inesco

Oversettelse: Lisa Thomas Olsen

Regi: Viktor Tjerneld

Scenograf: Franciska Zahle

Lyddesign: Ida Jakobsen

Medvirkende: Bjørnar Lisether Teigen, Valborg Frøysnes, Hugo Mikal Skår, Lars Melsæter Rydjord, Vivi Sunde, Johanna Mørck, Linn Bjørnvik Grøder, Eline Øverby

 

Rullestol? Følgjekort? Kontakt post@orstakulturhus.no eller kinokiosken på telefon 70 04 55 00.
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@orstakulturhus.no

 

_
_
_