Riksteatret: Albert & Anna

Albert & Anna
Av Frode Grytten. Regi Hildegun Riise

Frode Grytten er ein av våre mest folkekjære forfattarar, og med dette stykket har han laga ei varm og vakker hyllest til livslang kjærleik.

Vi kjem tett inn på Albert og Anna, to eldre menneske, som har elska kvarandre gjennom eit langt liv. Albert & Anna er historia om heilt vanlig kjærleik, den kjærleiken som ikkje blir sett av andre enn dei som deler han.

Som livspartnarar har Albert og Anna dyrka sin hage slik dei har dyrka kvarandre. Men no er Anna i ferd med å forsvinne, og når ho blir borte, er også Albert redd for å miste seg sjølv. I stykket treff dei igjen den unge Anna og den unge Albert. Humoristiske og varme tilbakeblikk skildrar samliv og samhald gjennom vekslande årstider.

Grytten fortel med dette ei sterk kjærleikshistorie. Han er elska for sine ærlige, morosame og gjenkjennelige forteljingar om vanlige menneskes uvanlige liv, og står mellom anna bak suksessane Bikubesong og Sånne som oss. Regien er ved Hildegun Riise og kjærleiken blir tonesett av Espen Leite, kjent for sin uvanlig vakre tangomusikk.

«Den enkle gleda ved å stelle i hagen saman med nokon. Den enkle gleda ved å lage kaffi til nokon. Den enkle gleda ved å halde rundt nokon.  Han tenker at om han står slik lenge nok, så kjem ho tilbake.»

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.

Kritikarvisning på Riksteatret i Nydalen, Oslo 18. mai 2017
Urpremiere på Den Nationale Scene i Bergen 23. mai 2017

På turné med Riksteatret til 47 stader hausten 2017. Spelast på DNS etter turné.

Med: Kari Simonsen, Stine Robin Berg Hansen, Sverre Bentzen, Kristoffer Sagmo Aalberg og Espen Leite. Regi: Hildegun Riise. Scenografi: Åse Hegrenes. Videodesign: Åsmund Bøe. Lysdesign: kunngjøres seinare. Lyddesign: kunngjøres seinare.

Billettar til Riksteatret: Albert & Anna

  1. Lau 30. sep kl 18:00 /320 kr   Teatersal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_