André Jerman : Alt om min bestemor

Om arrangementet

Ei historisk standupforestilling av og med André Jerman Regi: Are Kalvø

André Jerman sitt soloshow «Alt om min bestemor» er ei morosam, varm og viktig humorforestilling som kretsar rundt mormora hans, som blei skikkeleg gammal.  

Solveig Levin vart fødd i 1914. Ho døydde altfor tidleg, berre 108 år gammal. Gjennom André sine auge vert det historier om eit menneske som opplevde og overlevde to verdskrigar, spanskesjuka, finanskriser, familieliv, gamleheim, gravferder fire sesongar av Maskorama.

Vegen frå skule i gamledagar, der ein lærte å skrelle druer med kniv og gaffel, til å forsøke å fylgje ein samtale med oldebarn om ChatGPT, gjer livet til bestemora unikt. Med André sitt skeive blikk på verkelegheita får du bli med inn i ei utruleg historie om denne jødiske familien frå Oslo.

Kva sa bestemor til dette? - "Bare le av meg dere!"

 

Varer i ca 70 minutt.

Sagt om forestillinga:


«Terningkast 666, for Jerman er djevelsk god!»
Odd-Magnus Williamson


«Nesten terningkast 6!»
Mona Levin


«Fantastisk forestilling! Morsomt, varmt og frekt»
Per Henrik Stenstrøm


«Nydelig, morsom og viktig forestilling»
Ken André Ottesen (BAdesKen)


«Rett i hjertet»
Dennis Storhøi


«Sjukt fint og morsomt!»
Jonas Kinge Bergland


«En fantastisk blanding av intelligent humor, personlig fortelling og en varm tilstedeværelse
på scenen»

Liten Skodbo-Birch


«Veldig vitsetett!»
Bård Tufte Johansen


«Morsom, fin og viktig forestilling»
Sigrid Bonde Tusvik


«Forestilling med både humor og substans»
Terje Sporsem