Babykinoen

Om tilbodet

Babykino er eit tilbod til alle dykk som har ansvaret for dei minste barna.

På Babykino kan du parkere barnevogna rett utanfor kinosalen, og du får rikeleg plass til disposisjon inne i salen slik at du får med deg alt tilbehøret. Filmen visast med behageleg lydstyrke, og vi let det stå på litt lys i salen under visninga, slik at du lett kan gå inn og ut etter behov. Amming, bleieskift (stellebord har vi på eine toalettet) og babylydar er tillatt.
Vi har ei eiga facebook-gruppe der du kan vere med på å påverke kva for film vi skal vise som babykino. Du finn oss under namnet "Babykino i Ørsta". 

Publisert
28. januar 2020
Skrevet av
Administrator