Dagkino for alle som har fri på dagtid

Ørsta kino arrangerar dagkino inkludert servering av kake og kaffi/te kvar måndag, med nokre få unntak. Filmane vi viser er kvalitetsfilmar i ulike sjangrar, som passar for eit vakse publikum.

Her finn du alltid oppdatert måndagskinoprogram.

Kakene vert baka av elevane på Restaurant- og matfaglina på Ørsta vidaregåande skule.

Hjarteleg velkomne til Ørsta kino!

Publisert
13. november 2023
Skrevet av