Strikkekino på kveldstid

Om lag ein torsdag per månad inviterer vi til strikkekino, med strikkekafé i timen før filmstart.

Vi opnar kaféen kl. 17:30 og viser film frå kl. 18:30. Her byd vi på enkel bevertning inkludert i billetten, og sjølvsagt ein god film på programmet. Ein kan kome med eller utan strikk, alle er velkomne. Det blir litt lys i kinosalen, slik at dei som ynskjer det kan strikke medan det er film også.

Hjarteleg velkomne til Ørsta kino!

Publisert
25. september 2024
Skrevet av