Ballettskulen : Innsiden ut
Billettar
Om arrangementet
Ballettskulen syner " Innsiden ut".
To hundre og femti dansarar tek del i Ørsta og Volda Ballettskule sitt fyrste vårshow i år. Dansarane fortel historia frå filmane "Innsiden ut" gjennom jazz dans, lyrisk jazz, hip-hop og latino.
Framsyninga "Innsiden ut" handlar om unge Riley som veks opp og kjenslelivet hennar. Her går ein inn i hjernen hennar og ein får sjå korleis kjenslene styrer kvardagen hennar.For å skjøne handlinga i framsyningaså godt som mogeleg, rår dykk til å sjå filmane "Inside Out" nr 1 og 2 på førhand, men det er ikkje eit krav for å forstå.
Vårshowet vert presentert som ein musikal, utan pause mellom dansane.Dansepedagogane innan jazz dans, hip-hop og latino står bak koreografien.
Det er Susanne Stark innan lyrisk jazz og jazz dans, Regine Berg- Rusten og Natalie Nikitinainnan hip-hop som har koreografien. Alle tre koreografane er godt utdanna innan dans og koreografi med profesjonell bakgrunn.
Kostymearbeidet er eit samarbeid mellom koreografar og Synnøve Hill. Over fire hundre kostymer er i bruk.
Lyssettar og prosjeksjonsansvarleg er Ørsta Kulturhus sin eigen Jiri Nagy.
"Innsiden ut" vert vist
Fredag 6.juni kl 18:00
Laurdag 7 juni kl 12:00
Laurdag 7. juni kl 15:00
på Ørsta Kulturhus.
Billettar på http://www.orsta.kulturhus.no