Barn ingen adgang!

Om arrangementet

Barn ingen adgang! - Eksperimentshow for heile familien

Barn ingen adgang! - Eksperimentshow for heile familien


Selda, PK og Håvard frå TV-serien «Barn ingen adgang» elskar eksperiment og eksplosive overraskingar. Dess villare dess betre! No møtast dei på scena for å gjere det dei likar aller best: Å teste ut både nye og velkjende eksperiment. Håvard tek med seg gitaren for å gjere dette til ein naturfagtime Selda og PK ikkje har heilt kontroll over. 

I salen sit du på trygg avstand til eksperimenta. Likevel er du nær nok til å kjenne lukta av svidd lycopodium, og sjå frykta i kvitauget på Håvard når Selda og PK får det til å smelle som verst.

«Barn ingen adgang» gjekk jevnt og trutt på NRK Super i fem år. No fengast eit nytt kull med 5-12 åringar av programmet som vann Gullruten i 2014. Det er den aldersgruppa showet er laga for, men ryktet seier at publikummarar på 30+ også har stor glede av dei sprelske påfunna i både TV-serien og showet «Barn ingen adgang».