Blåsemafian og Ørsta skulekorps

Om arrangementet

Her blir det trøkk og mykje moro, Ørsta skulekorps har invitert Blåsemafiaen til Ørsta!

Blåsemafiaen er ein norsk brasshouse-artist som kombinerar tradisjonell brassmusikk med moderne pop og EDM. Blåsemafiaen er kjend for sine engasjerande livekonsertar, energi, og er blant dei mest "up&coming"-artistane innan moderne brassmusikk. Blåsemafiaen samla over 3 millionar strømmingar på Spotify åleine i løpet av sitt første år med utgivelsar. 

Gruppa har turnert i Noreg, Europa og USA. Med ei plassering blant topp 4 under den nasjonale utvelginga til Eurovision Song Contest 2021 viste Blåsemafiaen seg som ein viktig og populær instrumentalartist.

Ørsta skulekorps har invitert Blåsemafiaen til Ørsta for å halde ein inspirerande og lærerik workshop for alle i korpset og drillen, der skulekorpset skal få spele og "showe" saman med Blåsemafiaen ein heil ettermiddag. Resultatet av det får du sjå og høyre denne kvelden, det blir rått, tøft og stilig! 

Konserten er arrangert av Ørsta skulekorps, som ynskjer alle varmt velkomne!