Bryggarmeisterskap
Billettar
Om arrangementet
Bryggarmeisterskap i Ørsta
Laurdag 7. mars inviterer Ørsta og Volda Bryggarlaug igjen til bryggarmeisterskap. Det er ei konkurranse der lokale heimebryggarar serverer smaksprøver på sine beste og mest spennande øl, og publikum er med å kårar vinnaren!
Kva du legg vekt på når du avgir stemme er heilt opp til deg, og smisking må påreknast!
I tillegg til stemmer frå publikum vil det være kvalifiserte øldommarar til stades for å gje ei meir objektiv vurdering av øla.
Det er alt venteliste på bryggarar som vil delta, og i fjor vart publikumsbillettar utselde på ca 12 timar!
Inngangpris:
Kr. 590,-
Aldersgrense:
Det er 18 års aldersgrense på arrangementet.
Ølsalg:
Det blir ikkje selt øl under arrangementet. Heimebryggarar serverer smaksprøver. Øl serverast berre i utdelte smakeglas. Med unntak av øl som deltek i konkurransen er medbrakt alkohol ikkje tillete. Kommersielt framstilt alkohol er ikkje tillatte i lokalet.
