Bryggarmeisterskap 2024

Om arrangementet

Bryggarmeisterskap i Ørsta og Volda


Laurdag 2. mars inviterer Ørsta og Volda Bryggarlaug igjen til bryggarmeisterskap. Det er ei konkurranse der lokale heimebryggarar serverer smaksprøver på sine beste og mest spennande øl, og publikum er med å kårar vinnaren! Kva du legg vekt på når du avgir stemme er heilt opp til deg, og smisking må påreknast!


I tillegg til stemmer frå publikum vil det være kvalifiserte øldommarar til stades for å gi ei meir objektiv vurdering av øla.

Det er mat inkludert i inngangsbilletten.


I fjor var det venteliste blandt bryggarane, og publikumsbillettar var utselde lenge før arrangementet!


Inngangpris:

Ordinær: 500,-

Medlemar i Ørsta og Volda Bryggarlaug: 350,-


Medlemsbillett forutset betalt kontingent for 2024.


Aldersgrense:

Det er 18 års aldersgrense på arrangementet.

 

Ølsalg:


Det blir ikkje solgt øl under arrangementet. Heimebryggarar serverer smaksprøver. Øl serverast berre i utdelte smakeglas. Med unntak av øl som deltek i konkurransen er medbrakt alkohol ikkje tillete. Kommersielt framstilt alkohol er ikkje tillatt i lokalet.

 

Påmelding for heimebryggarar: https://forms.gle/7wcNh98UvV2Mph7s7