Bryggarmeisterskap i Ørsta

Om arrangementet

Laurdag 12. mars inviterer Ørsta og Volda Bryggarlaug til bryggarmeisterskap. Det er ei konkurranse der lokale heimebryggarar serverer smaksprøver på sine beste og mest spennande øl, og publikum er med å kårar vinnaren! Kva du legg vekt på når du avgir stemme er heilt opp til deg, og smisking må påreknast!


I tillegg til stemmer frå publikum vil det være kvalifiserte øldommarar til stades for å gi ei meir objektiv vurdering av øla.

 

I fjor var det venteliste blandt bryggarane, og publikumsbillettar var utselde lenge før arrangementet!

Dato: Laurdag 12. Mars 18:00 - 23:00. (17:00 for bryggarar)


 Inngangpris:

Ordinær: 450,-

Medlemar i Ørsta og Volda Bryggarlaug: 350,-


Medlemsbillett forutset betalt kontigent for 2022.

NB: Me forheld oss til gjeldande lovar og retningslinjer mtp. smittevern. Det er ikkje godt å seie korleis det ser ut i mars. Det kan være aktuelt å nytte hurtigtest og/eller koronasertifikat.


Aldersgrense: Det er 18 års aldersgrense på arrangementet.


Ølsalg:

Det blir ikkje solgt øl under arrangementet. Heimebryggarar serverer smaksprøver. Øl serverast berre i utdelte smakeglas. Med unntak av øl som deltek i konkurransen er medbrakt alkohol ikkje tillete. Kommersielt framstilt alkohol er ikkje tillatt i lokalet.

 

Påmelding for heimebryggarar: https://forms.gle/qtLFGBbZnTjodLFPA