Tuva & Ronny følgjer draumen
Billettar
Om arrangementet
Mykje endrar seg etter ei brutal livskrise. Det har Tuva Fellman og Ronny Brede Aase fått oppleve på nært hald. No legg dei ut på turné med eit personleg, ærleg og inspirerande foredrag om å våge å følgje draumen etter at livet har blitt snudd på hovudet.
Etter fleire tøffe år med sjukdom, behandling og uvisse bestemte dei seg for å gjere noko dei hadde snakka om sidan den første kjærasteturen til Hellas: å kjøpe og drive eit lite hotell der. Det som lenge hadde vore ein fjern draum, vart brått eit reelt spørsmål om kva ein eigentleg vil bruke livet sitt på.
Mange har følgt reisa deira gjennom TV-serien om hoteldraumen i Hellas. I dette foredraget fortel Tuva og Ronny om korleis livet faktisk har vore etter at kameraa vart slått av – om alt dei har lært, alt som har vore vanskeleg, og korleis draumen ser ut no, etter at røynda tok over.
