"Jævelungen"

Om arrangementet

I over 1000 førestillingar har Magnus begeistra både liten og stor med si historie og inspirerande person. Eit føredragsshow med Magnus er noko utanom det vanlege, og du vil oppleve å bli både rørt, inspirert og provosert.

Magnus Jackson Krogh har lang erfaring som føredragshaldar og motiverande talar. Med sin heilt eigne humor om samfunnet har Magnus blitt ein del av mange si daglege vitamininnsprøytning. Han er ein av dei desidert største stemmene i sosiale medier i Noreg. Med brei tematikk og livserfaring leverer han nokre av dei råaste føredraga på marknaden. Psykisk uhelse er alltid ein stor del av Magnus sine foredrag/show.


«JÆVELUNGEN» tek opp eit langt og kort drittliv med jantelova, tabu, psykisk uhelse, skulegang og vegen til draumen. Vi skal innom 90-talet, vennskap, spiseforstyrringar og ADHD.

Alt Magnus er kjend med frå «usosiale medier» er med, så det er berre å førebu seg på latter og tårer. Dette er suksessførestillinga «En kveld med Magnus» i ny drakt.

«Jævelungen» har ingen øvre eller nedre aldersgrenser, men publikum må rekne med bannskap og sterke historier.

Eit føredragsshow med Magnus Jackson Krogh gir deg:

  • Inspirasjon til å ta grep om draumen din.
  • Innsikt i å vekse opp med overgrep og mobbing.
  • Eit føredragsshow du seint vil gløyme.

Magnus ga i 2013 ut Norges mest kjende bok om ADHD, og med føredragsshowet “SAMTALEN” blei Magnus fast inventar på scener over heile Norden.

Sidan 2014 har Magnus gitt ut ytterlegare 13 bøker om psykisk helse, mobbing, sjølvbilde, draumar og om å vekse opp som “jævelunge”. Magnus blei raskt ein av Norge sine største viral-vloggere, der han pratar ope om livets opp- og nedturar.

Delar av Magnus sine bøker er å finne som pensum i det Norske skuleverket, og han blir stadig invitert til å snakke for både små og store forsamlingar.

Då seier vi som Magnus: «vi glæd åss me bægge nævvan»!