Greatest Vits - Ørjan Burøes Jubileumsshow!

Om arrangementet

ØRJAN BURØE – «GREATEST VITS»

Etter 25 år på scena som ein av våre mest morosame komikarar, inviterer Ørjan
Burøe deg til det ultimate humorshowet! Dette er kremen av kremen - heilt nye,
hysterisk morosame historiar og dei mest minneverdige punchlines frå heile
karriera hans. Ørjan sparar ikkje på kruttet – her blir det skarp humor, ærlege
poeng og overraskingar som garantert får deg til å le så tårene trillar!

Lattergaranti? Absolutt!

Ørjan er så sikker på at publikum kjem til å le, at han gir pengane tilbake
dersom det er nokon som ikkje ler i løpet av det første minuttet! Ja, du leste rett –
MINUTTET! Dette showet er ikkje for sarte sjeler, så dersom du lett blir krenka kan
det hende du bør halde deg heime. Her blir det humor som treff hardt,
ærleg og rett i lattermusklane!

Dette er meir enn berre eit show – det er ei oppleving du ikke har råd til å gå
glipp av. Ørjan leverar humor på toppnivå, og denne framsyninga kjem til å
bli snakka om lenge etterpå.