Jakob Sande "Frå Sunnfjord til Rio og attende"

Om arrangementet

Ørsta Mannskor si framsyning presenterer Jakob Sande i ord, tonar og bilete.

Musikalsk leiing og direksjon: Øyvind Granden Berg
Korsong med tonesette dikt av Jakob Sande
Deklamasjon: Harald Aambø, akkompagnert av Arne Otto Myklebust på trekkspel.
Solist innslag: Øyvind Granden Berg, Kyrre Grimstad og Børre Lødemel.  
Alt dette under lun og humoristisk leiing av Kyrre Grimstad.

 

Bondeguten Jakob Sande var frå Dale i Sunnfjord, fødd i 1906, og utmerka seg tidleg
som eit «flogvit» med mange talent.
Bakgrunnen hans i eit miljø med store sosiale skilnader og kontrastar, vart ein
innhaldsrik basis for hans dikting og litterære liv. Dei radikale miljøa i lokalsamfunnet,
oppveksten i ein kulturglad open heim, forteljartradisjonane, som både var i familien
og hos fastboande taterar, laga eit rikt tilfang av idéar til den observerande Jakob’en.
Naturen og naturbileta i skildringane hans vert ofte brukt som metafor for kva som
skjer gjennom mennesket si livsreise.
Diktinga spinn rundt flere tema, som vestlandsnaturen, sjømannslivet og livet på
bygda. Likeeins dikt som tek opp sosiale spørsmål og klassiske tema, som kjærleiken
og døden. Dikta veksler frå grotesk humor, som i «Kallen og katten» og «Likfunn», til
sentimentale og kjensleladde dikt som «Fløytelåt» og «Vesle Daniel».
Døme på dette kan du oppleve i forestillinga vår.


Ver hjartans velkomen!
Nyt ord, tonar og bilete.