Jentekveld

Om arrangementet

I samarbeid med Hotell Ivar Aasen inviterer vi til ein jentekveld på kulturhuset! Arrangementet har 20 års aldersgrense, og det blir mulig å få kjøpt forfriskningar i baren i timen før showstart samt i pausen. 

Du kan starte kvelden med å ete nydeleg tapas på hotellet, vi tilbyd ein særs rabattert samlebillett for tapas og show. NB! Maks 70 plassar på tapas!

Tapas + billett til show kostar 750 kr. (Normalpris er 985 kr!)

Berre billett kostar 390 kr. Inkludert i billetten er eit beger med velkomstsnacks.

Tapas på hotellet er frå kl. 17-19:45, showstart på kulturhuset er kl. 20:00. 

 

Eit kjærleg spark bak – for å ta plass og våge meir

Aina Tunem er tidlegare journalist og jobbar i dag som lisensiert mentaltrenar og føredragshaldar innan kommunikasjon, kroppsspråk og mindset.

Ho var også med i den siste sesongen av Forræder på TV 2.

Med Jentekveld deler ho raust av kunnskapen sin og treffer rett i hjartet med døme som svært mange kjenner seg igjen i.

Du får konkrete tips og verktøy du kan ta i bruk med ein gong – for betre kommunikasjon med deg sjølv og andre, og for å ta det første steget mot den du ønskjer å vere.

Ho har eit særleg fokus på kvinnelege perspektiv, men føredraget hennar er relevant for absolutt alle!