Kåre Aam Indrehus // konsert

Om arrangementet

Frå dei djupe fjordane på Sunnmøre kjem den ærlege ordsmeden Kåre Aam Indrehus. Med sine humoristiske historier om alt fra småbornsliv til samfunnstrendar seglar han stadig høgare på den nye visebølga, og både presse og publikum har blitt begeistra av musikken hans.

Kåre, som er fødd i Ørsta og oppvaksen i Ålesund, har gjeve ut fem kritikarroste album og slapp nyleg singelen "En god nabo" på Apollon Records. Her serverer han som vanleg galgenhumor på høgt nivå, og vi gledar oss til han skal framføre denne og andre nye låtar på Ørsta Kulturhus i september. 

 

Høyr "En god nabo" her: https://orcd.co/indrehusnabo

Sagt om musikken til Kåre:

"Aldeles utmerket!" -Popklikk

"Ei røyst som står godt til dei uredde tekstane" -Dag & Tid

"En viseartist helt der oppe i toppen» -Musikknyheter

"Annerledes, underholdende og klokt" -Erik Valebrokk