Premiere / Klypa: 20 år og like forbanna

Om arrangementet

Kjellen og co. har hatt ei meeeget ufrivilleg pause i turnèlivet, og slår no tilbake for fullt! I 20 år har denne herlege gjengen berika liva til folk i heile noregs land, og no er dei klar for å feire 20-årsjubileum. Premiere blir sjølvsagt på Ørsta kulturhus før Klypa legg ut på «verdsturné».

Showet har fått tittelen "20 år og like forbanna". Og har det nokon gong vore eit betre tidspunkt til å fortelje om alt ein kan verte forbanna på? Neppe! Ord kan ikkje beskrive dette showet, det må berre opplevast - så hiv deg rundt og kjøp billett!  Vi gler oss!