Konsert / Knut Marius Djupvik med band

Om arrangementet

Stjernekamp-vinnar og norges powervoice nr. 1, Knut Marius Djupvik, er no ute med ny singel og musikkvideo “He du prøvd å elske”. 11. mars tek han med bandet sitt på norgesturné.

I alle år har Knut Marius sunge på engelsk. No har han for fyrste gong teke til å skrive på norsk, og då på sin eigen dialekt. Sidan starten av 2019 har han fundert, skrive, stanga hovudet i veggen, jubla, grine og ledd. No får vi snart høyre resultatet. Kjærleik er eit tema det er skrive om mange gongar. Då Knut Marius bestemde seg for å skrive låtar på norsk, sette han seg ned og tenkte gjennom kva tema som tydde mest for han, både i fortid og notid. Etter å ha gått gjennom kjensler og tankar som finst i katalogen, fann han ut at minst éin av låtene måtte handle om kjærleik. Stor kjærleik kan by på både gleder og sorger, og kan bringe deg enten til himmels eller lågare enn du nokon gong har vore.

Med fantastiske musikarar i bandet har ein no det rette soundet til å byggje opp under formidlinga til den sjelfulle romsdalingen.

Vokal: Knut Marius Djupvik

Trommer: Marius Simonsen

Bass: Jonny Sjo

Gitar: Tommy Kristiansen

Tangentar: Haakon-Marius Pettersen