Konsert / Øyvind Lied med gjestar

Om arrangementet

Sjeldan konsert i korona-tider:

Ein kveld med Øyvind Lied og gjester

Torsdag 18.mars kan folk vente seg ein unik konsert med musikaren Øyvind Lied og gjester på Ørsta kulturhus.
Folk som er sveltefora på gode musikkopplevingar har mykje godt i vente. Til denne sjeldne konserten under pandemien har Lied samla eit knippe røynde, lokale songarar og musikarar: Vence Vartdal Leite (vokal), Janne Grytten Skarstein (vokal), Dan Aasebø (gitar) og Svein Hunnes (bass). Bandet kjem til å framføre mange av Øyvind Lied sine eigne låtar, og kanskje andre ting. Dettte inneber både låtar du kan lene deg bak i stolen og nyte med attlatne auge, og låtar med meir funk og soulprega innhald.

Øyvind Lied er ein virtuos på keyboard. Han har ei lang musikkarriere, og var i fleire år drivkrafta i gruppa Anthill, seinare Westpoint som vart lansert internasjonalt på plate. Seinare har Lied vore utøvar i ei rekkje band. Han har også vore produsent, er dirigent for fleire kor og er komponist. Lied har spesielt lagt ned mykje arbeid med Merkesteinane.

Det vert sagt at Øyvind Lied, innehavar at den siste utdelte kulturprisen i Volda, har eit nivå som fortener merksemd langt utover kommunegrensa.

Pandemien gjer at det er avgrensa kor mange billettar som kan seljast på Ørsta kulturhus. Det kan difor vere lurt å tinge billett tidleg.

 

Fotokreditering:

Øyvind: Robert Skeide

Janne: Gaute Hareide