Konsert med Stig Ulv

Om arrangementet

10 år med gitarinstrumentalmusikk på nynorsk

I 2021 feirar Stig Ulv 10 år med gitaren på slep over land og strand. Dette skal sjølvsagt markerast med ein omfattande turne. John Inge Leira Bjøringsøy er med som gjest på konserten i Ørsta. 


Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, men får dei til å snakke. På nynorsk, sjølvsagt. Med ein utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som løftar tonar over hav.

Stig Ulv er nok eit bevis på at det rundt omkring på knattar og knausar – og langt unna dei store byane – finst talent som har masse å by på og som dessverre ikkje har blitt høyrt av så altfor mange.
Det Stig Ulv gir oss med sin musikk er stemningar som er så vakre og ettertenksomme at dei som sit igjen uberørt etter eit møte med dei, bør vurdere å oppsøke profesjonell hjelp. Nokre av låtane ropar etter tekst men du verden så godt dei klarar seg utan også – her kan ein for eksempel skape sitt eige univers saman med Stig Ulv.

Med eit arsenal av akustiske strengeinstrument, inkludert banjo, maktar Stig Ulv, som er mutters åleine , å skape forskjellige slags stemningar i landskap som hentar hemningslaust ifrå både folk, pop, vise, jazz og andre herligheiter

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas.
 
Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre.