Steinar Raknes - STILLHOUSE m/Unni Wilhelmsen

Om arrangementet

Releaseturné «On The Road»

OPPDATERING 6.nov 2020:

Konserten er flytta til 28.januar.

Pga smitteutbrot på Marienlyst skole er Steinar og familien i karantene. Steinar beklagar problema dette medfører for dykk som har kjøpt billettar, og håper den nye datoen passar for alle. Alle billettar som er kjøpt er gyldige på den nye datoen.

 

 

Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen spelte over 60 konsertar saman i fjor, og
har utvikla eit unikt samspel på scena. Dei to har begge svært uttrykksfulle
stemmer, og utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte, og saman lagar dei
konsertar som er vakre, intime, spennande og artige.


Raknes og Wilhelmsen har samarbeida før, i samband med Raknes sitt prosjekt STILLHOUSE - der han
syng og spelar kontrabass. Kontrabass er det einaste instrumentet på scena. Raknes spelar instrumentet
som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han brukar fingerspel-teknikkar som gjer at instrumentet
fungerar både som ein gitar og ein bass. I tillegg tek han i bruk elektriske gitar-effektar og looping av både bass
og stemmer. Dette er ein konsert som varierar mellom det nære, intime og akustiske, - til store lydbilder med
fullt rocke-trøkk.
Repertoaret er hovudsakleg låter skrive av Raknes, frå dei fire utgivelsane i STILLHOUSE-serien,
med hovudvekt på den siste plata On The Road (Grappa 2020). I tillegg presenterar dei fengande og
særeigne cover-versjonar av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan, og Depeche Mode.