Konsertfilm med Woo

Om arrangementet

29. desember 2001 stod rockebandet Woo på scena i flatsalen på Ørsta kulturhus. Etter å ha erobra Bergen by, og også gjort seg godt kjende på konsertscener i Tigerstaden og andre stader i landet, returnerte dei triumferande til heimbygda for å vise ørstingar framgongen sidan tida med øvingslokale på gamle bruksbutikken i Ørsta.

Dei hadde nyleg lagt bak seg konsertar på mellom anna Norwegian Wood og Oslo studentfestival, og kort tid etter kom dei gjennom nålauget og fekk spele på det prestisjefylte bransjetreffet Bylarm. Dette var store bragder sett frå perspektivet til eit band i likkje Ørsta, men fall heilt naturleg å delta på straks dei var godt etablerte og vart prisa med lovord frå pressa i Bergen.

29. desember 2024, på dagen tjuetre år seinare, kan du gjenoppleve denne konserten på Ørsta kino. Gitarist i bandet, Geir Vatne Sætre, har miksa og mastra fleirsporopptaket som lydguru Erik Valderhaug stod bak i 2001, og videopptaka har blitt restaurert og utbetra etter beste evne med moderne teknologi.

Det var Knut Steinnes og rockeklubben frå den tida, saman med Woo-manager Hans Petter Ulstein, som arrangerte storhendinga. I tillegg var der eit heilt apparat som hjelpte til, og Woo ynskjer no å gi noko attende til bygda.

Musikkmiljøet generelt, og rockemiljøet spesielt, hadde ei glanstid på 90-talet og tidleg 2000-tal. Alle som var på konsertar på Maurtuefestivalen, Kaihuset, Rust club & scene, Ørstafestivalen med meir, kan skrive under på dette. Og det er desse som fyrst og fremst er målgruppa for konsertfilmen.

Men sjølv om det er snakk om ein rockekonsert som “sparkar” godt frå seg, så bør dette vere interessant for musikkinteresserte flest, og generelt for dei som budde i bygda på denne tida. Filmen representerer ein tidskapsel frå ei viktig tid i lokal kulturhistorie. Som Stig Ulvestad aka Stig Ulv sa på liveinnspeling av nyeplata på Stødt Bar & Scene nyleg, så har Ørsta alltid hatt eit særs rikt og breitt musikkmiljø. Woo representerer ein vesentleg del av dette spekteret, då dei var inspirasjonskjelde for mange andre band i regionen.

Musikk i sentrum er arrangør for hendinga.

Woo:

Stig Sandbakk - vokal og gitar

Geir Vatne Sætre - gitar

Audun Havåg - bass

Geir Arne Ose - trommer

Sponsor: Sparebanken Møre