Korkafé med Ervingen blandakor
Billettar
Om arrangementet
Korkafé med Ervingen blandakor søndag 20.september kl.16.00-18.30 i flatsalen på
Ørsta kulturhus.
Ervingen blandakor med gjester ynskjer publikum velkomen til ein koseleg korkafé
med variert korsang, åresal med fine gevinstar og kakebord med mykje godt for
ganen. Her vert det litt for ein kvar smak både musikalsk og på kakebordet. Start
hausten i lag med oss, vi lovar musikalske godbitar og god stemning.
Øyvind Lied stiller som vanleg på dirigentplassen for Ervingen blandakor.
Programleiar er leiar i koret, Kirsten Ose.
Gjestekora vi har med oss er Viltkoret og Volda mannskor.
Viltkoret:
Viltkoret er eit blandakor frå Deknepollen i Kinn kommune. Koret vart starta i 1999 i
samband med eit arrangement med viltrettar kalla «Viltaften». Ein fann då ut at det
trongst eit kor for å få til ein fullverdig fest med underhaldning og dermed vart
Viltkoret starta. Koret arrangerer kvart andre år ein konsert i Samfunnshallen i bygda.
Dei arrangerer også korkaféar, er med på felles kyrkjekonsertar i Måløy, syng på
aldersheimen og på det lokale kjøpesenteret. Koret reiser også utanlands for sosialt
samvær og synging. Då synest dei det er fornøyeleg å verte introdusert som : «The
Wild choir».
Dirigent for koret frå år 2000 og til no er Frode Helgestad.
Volda mannskor
Volda mannskor har ein over hundre år lang og stolt tradisjon som kulturberar i
bygdene våre. Dei har eit rikt og variert repertoar, og har gjennom åra gledd publikum
med framføringane sine. Koret er kjent for den gode stemmeføringa si og
engasjementet for å formidla musikken på ein kjensleladd måte. I repertoaret finn ein
mykje av den lokale songskatten, men koret prøver seg også på anna stoff som
viser og evergreens. Koret tel i dag om lag 35 godt vaksne karar. Ingrid Vik
Henriksen er dirigent for koret.
Billettar kjøper du på Ørsta kulturhus eller ved inngangen.
Vaksne: kr.300,- (inkluderer fri tilgang til kakebordet)
Barn(12år og under): Gratis.
Velkomen!
