Korkafé med Ervingen blandakor
Billettar
Om arrangementet
Ervingen blandakor, med gjestar, ynskjer publikum velkomen til ein koseleg korkafé
med variert korsang, loddsal med fine gevinstar og kakebord med mykje godt for
ganen. Her vert det litt for ein kvar smak både musikalsk og på kakebordet. Start
hausten i lag med oss, vi lovar musikalske godbitar og god stemning.
Øyvind Lied stiller som vanleg på dirigentplassen for Ervingen blandakor og
programleiar er Kirsten Ose.
Gjestekor:
Cormorant – vokalgruppe med musikalsk leiar Thomas Frekøy Skeide. Dette er ei
spennande, fersk eining med mykje korerfaring der nokre har bakgrunn frå Vyrde
mannskor. Medlemmene kjem frå Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Koret syng alle
sjangrar og er stadig på jakt etter gode arrangement som desse koristane omset til
svært gode opplevingar.
Volda mannskor, ved dirigent Nina Vedeld Telseth er eit kor med lang og stolt
tradisjon. Dei har eit rikt og variert repertoar, og har gjennom åra gledd publikum med
framføringane sine. Koret er kjent for den gode stemmeføringa si og engasjementet
sitt for å formidle musikken på ein kjensleladd måte. Dirigenten deira, Nina Vedeld
Telseth, er ein dyktig og inspirerande leiar. Under leiinga hennar har Volda mannskor
utvikla seg til å bli eit av dei beste mannskora i regionen.
Billettar kjøper du på orsta.kulturhus.no eller ved inngangen.
Voksne: kr. 200,- (inkluderer fri tilgang til kakebordet)
Barn(12år og under): Gratis .
Velkomen!