Korkafé med Ørstakoret og gjestekor Volda mannskor

Om arrangementet

Ørstakoret arrangerer korkafé


Med Volda mannskor som gjestekor ynskjer vi alle hjarteleg velkomne til
ein triveleg kveld med korsong, loddsal, fine gevinstar, freistande mat frå
eit bognande matbord og sjølvsagt god tid til prat rundt borda i pausa.
Kora kjem til å synge frå sine rikhaldige repertoar i kvar i sine avdelingar,
det ligg an til å verte eit variert og godt program.
Vi ser fram til ein opplyftande kveld med godt sosialt samvær!
Dørene opnar kl. 18.40, set deg gjerne langt framme.