Kulturskulekonsert

Om arrangementet

Onsdag 6. mai inviterer Ørsta kulturskule til stor vårkonsert! Om lag 80 elevar står på scena og kan by på eit variert program med både klassisk, rock, blues, pop og mexikansk folkemusikk. Det heile blir sydd saman av programleiarar frå dramagruppa. Vi håper på fullsett sal, så inviter med vener og familie og kom på konsert. For dei som lurer på å byrje som elev hos oss, så er dette ein ein super sjanse til å sjå kva kulturskulen held på med i løpet av året.