Kva no, Trump?

Om arrangementet

Foredrag med Fredrik Græsvik

Kvifor vil amerikanarane ha ein president som har vist at han ikkje respekterar demokratiet sine køyrereglar? Kvifor er Donald Trump så populær blant store veljargrupper, og korleis vil Trump si neste periode bli no når han berre omgir seg med lojale medarbeidarar? Kva betyr valet for oss her i Noreg, for Ukraina og Midtausten? Må vi stålsetje oss for handelskrig med USA og ei voldsom dreiing i europeisk tryggleikspolitikk?

Få kjenner Donald Trump sitt USA like godt som Fredrik Græsvik. Under Trump sin første periode budde Fredrik i Washington D.C. som TV2 sin USA-korrespondent. Fem gongar møtte han president Trump i Det ovale kontor, og han har vore til stades på over 20 folkemøter. Fredrik var i Washington då Kongressen blei storma 6.januar 2021.

Denne kvelden kjem han til Ørsta kulturhus!

Foto: Kristoffer Myhre