Landbrukskonferansen 2024
Billettar
Om arrangementet
Program Landbrukskonferansen- Ørsta kulturhus
Konfransier:
Arne Hjeltnes har arbeidd med norsk mat, sidan han møtte Arne Brimi i 1994. Gjennom fleire tv-seriar som bl.a. ; Gutta På Tur og Det Norske Måltid har han satt fokus på dei gode norske råvarene. Han har skrive 25 bøker fleire av dei om norsk mat som t.d. «Yst!» om norske lokale ostar saman med Morten Krogvold. Arne Hjeltnes fekk Det Norske Måltids hederspris i 2023 og er i år nominert til Ingre Espelids Matpris.
Han har arbeidd for norsk fisk i Asia og vore turistsjef for Noreg i Amerika.For tida lagar han ein tv-serie om Noreg for amerikanske PBS, som naturleg nok og lyfter fram norsk matkultur.
Kathrine Kinn gardbrukar, fagrådgjevar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, forfattar av boka "En Bondefortelling», Fast spaltist i Klassekampen om jordbruk.
Erling Gresseth- Storfebonde, Styreleiar i Tyr og medlem i Grovforalliansen
Tor Jacob Solberg- Leiar i Norges Bonde- og småbrukarlag og mjølkebonde
Bjørn Gimming- Leiar i Norges Bondelag
Julelunch
Geir Pollestad- Landbruks- og matminister SP
Robert Mood Lang fartstid i forsvaret (generalløytnant), har vore president i Norges Røde Kors, forfattar av boka «Kunsten å stå opp om morgonen», har skrive debattinnlegg om matberedskapen, vinnar av fritt ord prisen i 2016.
Debatt
Sponsor:
Sparebanken Møre
Eiksenteret
Meir detaljert program:
PROGRAM
LANDBRUKSKONFERANSEN 2024
Ørsta kulturhus 6. desember.
Konfransier: Arne Hjeltnes
«Gutta på tur Arne Hjeltnes» vil leie oss gjennom dagen, i tillegg til å halde innlegg om mat og matkultur som han brenn for.
09.45-10.00
Sparebanken Møre, velkommen frå sponsor
10.00-10.20
Kathrine Kinn (f. 1992) er gardbruker i Telemark . Ho har eit stor engasjement for bonden generelt, særskilt dei aller minste gardsbruka. I Vest-Telemark er ho i ferd med å bygge opp ein liten gard i tillegg til å jobbe som fagrådgjevar i Norsk Bonde- og småbrukarlag. Kathrine er forfattar av boka "En Bondefortelling - om livet på eit lite gardsbruk og framtida til norsk landbruk". Ho skriv fast i Klassekampen om jordbruk. I 2019 leverte Kathrine mastergrada si i sosiologi om strukturutviklinga i fjellandbruket.
10.20-10.50
Erling Gresseth- Storfebonde, Styreleiar i Tyr og medlem i Grovforalliansen. Bonde frå Hegra i Stjørdal. Driv med ammeku og eggproduksjon. Lang erfaring som tillitsvalgt i TYR, og styreleiar i TYR frå 2019. Bidrog sammen med Geno og Norsk Sau og geit til etablering av Grovfôralliansen.
10.50-11.10
Kaffipause
11.10-11.35
Tor Jacob Solberg- Leiar i Norges Bonde- og småbrukarlag og mjølkebonde i Skiptveit i Østfold.
Han vart kåra til årets unge bonde i 2014.
11.35-12.00
Bjørn Gimming- Leiar i Norges Bondelag
Driv korn- og kjøtproduksjon i Tistedal i Østfold. Fagområde er jordbruksforhandlingane, maktforholda i verdikjeda for mat, marknadsordningane, overordna politiske prosessar og mediearbeid/kommunikasjon, revisjon av gjødselforeskrifta og tamreinkonflikt.
12.00-13.00
Julelunch
Vi i programnemnda ønskjer å gjere stas på dei som til dagleg står for mat på bordet for det norske folk. Det vil bli servert ein herleg julelunsj og dessert som blir laga av dei dyktige elevane på Restaurant og matfag ved Ørsta vg. skule.
13.00- 13.25
Arne Hjeltnes Arne Hjeltnes har arbeidd med norsk mat, sidan han møtte Arne Brimi i 1994.
Gjennom fleire tv-seriar som bl.a. ; Gutta På Tur og Det Norske Måltid har han satt fokus på dei gode norske råvarene. Han har skrive 25 bøker fleire av dei om norsk mat som t.d. «Yst!» om norske lokale ostar saman med Morten Krogvold. Arne Hjeltnes fekk Det Norske Måltids hederspris i 2023 og er i år nominert til Ingre Espelids Matpris.
Han har arbeidd for norsk fisk i Asia og vore turistsjef for Noreg i Amerika.
For tida lagar han ein tv-serie om Noreg for amerikanske PBS, som naturleg nok og lyfter fram norsk matkultur.
13.25-13.50
Geir Pollestad- Landbruks- og matminister SP. Geir Pollestad er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen og har tidlegare studert økonomi og administrasjon ved Høgskulen i Stavanger. Han har vore aktiv i Senterungdomen og sat frå 2001 til 2003 som politisk nestleiar. Har vore vara i ulike stortingskomitear frå 2009.
13.50-14.15
Robert Mood er mest kjend som generalløytnant i Forsvaret, han har leia internasjonale FN operasjonar og oppdrag for NATO. Han bidreg framleis med kunnskapen sin både i media og ved internasjonale kriser. Dei siste åra er han nok mest kjend som generalsekretær i Norges Røde Kors. Ingen kan tvile på Mood sitt engasjement – han seier det så sterkt : Det handler om framtida til Norge! Dette er eit foredrag ikkje berre dei som jobber i landbruket bør få med seg.
14.15-14.30
Pause
14.40-15.30
Debatt
Hugs å kjøpe billett!
IKKJE billettsal i døra!
Arrangør: Ørsta næringskontor