Maja Lunde: Skjerm barna

Om arrangementet

Eit foredrag for deg som syns at ungane er for mykje på skjerm og vil bidra til å ta barndommen tilbake!

Eit barn som brukar mobilen ein time om dagen vil med ein gjennomsnittleg levealder på 82 år bruke om lag 30.000 timar på mobilen. Det er tre og eit halvt år. Eller 15 årsverk. Veldig mange barn og unge brukar mobilen 4 timar eller meir kvar dag. Det er 60 årsverk det.

Mobilen, algoritmene, eig barna si tid. Bruken rammar alt det viktige dei treng for å ha det bra; leike, sove, bevege seg, lese, dagdrøyme og vere saman med andre.

Samtidig stig tala på psykisk uhelse blant barn og ungdom, og skuleresultata rasar.

Vi har gitt barna fri tilgang til applikasjonar og dingsar som vi vaksne knapt klarer å handtere. Til sosiale medier som krev ei mental modenheit barn og unge rett og slett ikkje har utvikla, fordi hjerna deira framleis er under ombygging.

Vi har berre gjort det, fordi vi trur det digitale har kome for å bli. Dei einaste som tener på det er tek-gigantane. Men: det som ikkje gjer liva våre og samfunnet bedre, det har ikkje kome for å bli. Det kan vi fjerne eller endre.

Dette foredraget viser deg korleis.

 

Grupperabatt for grupper på 4 eller fleire. Ta kontakt via post@orstakulturhus.no for bedriftsbestillingar eller om du har andre spørsmål.