Mira
Om filmen
Originaltittel: Mira
Premiere: 2026-05-29
Varighet: 1t 25min
Sjanger: Barnefilm
Aldersgrense: 6
Originalspråk: Norsk
Regissør: Marie Limkilde
Kva gjer ein når ein aldri har vore forelska og rett og slett ikkje greier å bli det, uansett kor mykje ein prøver?
12 år gamle Mira elskar å skape ting og pusle med hobbyprosjekt saman med bestevennene Naja og Louis. Men alt endrar seg då Naja blir venn med den nye, kule jenta i klassen. Brått kjenner Mira seg utanfor og byrjar å tvile på om ho framleis kan vere den same når alt rundt henne endrar seg. Skal ho droppe dei kreative prosjekta og heller prøve å vere meir som dei andre jentene som snakkar om kjærleik og forelsking? Fast bestemt på å vinne attende vennskapet til Naja set Mira alt inn på å bli tatt opp i den eksklusive «kjærlegheitsklubben» til jentene – ein klubb der ein berre kan vere med viss ein har vore forelska. Men kva gjer ein når ein aldri har vore forelska og rett og slett ikkje greier å bli det, uansett kor mykje ein prøver? Filmen om Mira er basert på den populære bokserien med same namn!
