Musikkafé med Ørsta hornmusikk

Om arrangementet

Ørsta hornmusikk kan endeleg få invitere til musikkafé igjen, med Ørsta skulekorps som gjestar.
Vi gler oss til å få spele for dei som tek turen til kulturhuset denne søndagen.
Vi kan by på eit variert repertoar med alt frå klassikarar og marsj til nyare og eldre filmmusikk, gode kaker og smørbrød og varm kaffi - alt saman inkludert i inngangsbilletten. Det blir loddsal i pausa med mange kjekke gevinstar.
Ta med deg familie og vener og kom på musikkafé på Ørsta kulturhus søndag 3.november kl 17.

Repertoar:
This is halloween frå filmen "The Nightmare before Christmas"
Voice of the Vikings
The Blues Brothers Revue fra filmen "The Blues Brothers"
The Genious of Ray Charles, ein medley av nokre av Ray Charles sine beste låtar
On my own frå musikalen "Les Misérables"
Hva var vel livet uten deg fra TV-serien "Fredriksons Fabrik"
Eighties Flashback, ein medley med nokre av dei best kjende låtane frå 80-talet
Bandology, kanskje den mest kjende konsertmarsjen
Crimson Tide, frå filmen "Crimson Tide".