Nordveven - tonar til naturen

Om arrangementet

Ver med oss på ei reise i det musikalske naturen har å by på.
Stykka er inspirert av naturen, frå det ville, til det sarte, og til det
imellom.

Nordveven er eit musikalsk bilete på korleis musikk og natur, er fletta
saman, som ein vev av melodiar og bilete.
Nokre gonger sart og stille, medan andre gonger meir høgrøysta og vilt,
slik naturen er. På konserten vert du teken med gjennom ei reise
musikalsk og visuelt. 

Torgrim Skjerdal og Øyvind Krøvel har kome i lag som tonekunstnarar, og
saman har dei gjeve ut fleire eigne komposisjonar. Det musikalske
utrykket er ei blanding av tradisjonsmusikk, folkemusikk, klassisk, men
også musikk med eit snev av akkorder med tal i seg. Spennande klangar
med ulik besetning. Piano, trompet, munnspel, trekkspel er nokre av
instrumenta som vert nytta i tillegg til ymse perkusjon. Målet er å
skape musikk med eit tonespråk som alle kan verte fortruleg med, og som
kan vere til nytte, eller berre nytast.

Med seg på denne konserten har dei også Vegard Voldsund (trommer),
Vegard Grimstad (bass), Arve Voldsund (gitar) og Andrine Longva
Kopperstad (fele).

Velkomne til ei lun stund, der du kan lene deg tilbake og nyte musikken,
og bileta som fyl med.