Ørjan Burøe / SOLO

Om arrangementet

I «SOLO» møter publikum ein skamlaus og ærleg Ørjan som byr på ei framsyning heilt utan filter – uredd og bunnsolid om seg sjølv, samlivet, og det å plutseleg stå åleine.

«SOLO» er ifølge Wikipedia ein utøvar som opptrer fullstendig åleine, eller er den viktigaste melodibæraren som
spelar på eitt eller fleire instrument åleine.
Det er akkurat det Ørjan gjer i denne framsyninga som har fått tittelen «SOLO».
Dette er hans tredje show-produksjon - og ifølge tilbakemeldingane også hans
beste! Ørjan er den einaste komikaren i Norge som gir latter-garanti! Dersom ikkje det første latterbrølet
kjem innan eitt minutt, opptrer han gratis! For oss som har sett «SOLO» er det heilt ufarleg
å gje ein slik garanti!