Einar Lunde

- KINA: DEI NYE SILKEVEGANE - VIA AFRIKA TIL NOREG. Tru det eller ei! Den raskaste økonomiske veksta i verda er ikkje i Kina, India, Brasil eller USA. Den er i svarte Afrika. Og det utan at dei fleste av oss har visst noko om det.

Og kanskje mest pirrande – Kina er sjølve
lokomotivet i denne
økonomiske veksten. Kina pøsar inn tusenvis av
milliardar i Afrika. Og kinesarane
gir ein god dag i om dei støttar ein forferdeleg
diktator som bryt
menneskerettar i fleng, eller dei investerar i
land som utviklar demokrati
og openheit.  

Nyleg har Kina kunngjort verdas største
handelsrute-prosjekt. To nye «Silkevegar», ein på land og ein til sjøs,
og den
maritime går rett til Afrika.
  

Så, kva er Kina sine hensikter? Er Kina i ferd med å
bli ei ny kolonimakt? I Afrika er debatten om Huawei og 5G-nett like
aktuell som
i Noreg, Europa, USA og Asia.
  

Uansett – kva Kina gjer i Afrika får det faktisk
direkte følge for Noreg!!!
  

Velkommen til eit spennande foredrag av
Dagsrevyen sin tidligare ankermann og
Afrika-korrespondent, Einar Lunde. Han har no
besøkt Afrika over 100 gongar og
reiser fleire gongar årleg til det store
kontinentet.
 

Fakta om Einar Lunde:  

-40 år som nyheitsanker i Dagsrevyen.  

-Tidligare NRKs Afrika-korrespondent  

-Har besøkt Afrika over 100 gongar 

-Held regelmessig
forelesninger/forestillinger om bl.a. sine opplevelser som tidsvitne under
Apartheid.
 

-Jobbar som
konferanse- og debatt-leder, held forestillingar, foredrag og kåseri og er
reiseledar i Sør-Afrika og Tanzania-Zanzibar for Temareiser Fredrikstad.
 

Einar har skrive to tidlause opplevingsbøker som
har kome ut i til saman 22 opplag.
  


Billettar til Einar Lunde

Vis hele programmet
_
_
_