Livet i tre versjoner

Komedie om tidsklemma og kaosteori

Når den ressurssterke kjernefamilien opnar dørene til den stilsikre heimen sin slås det
sprekkar i borgarskapets sjarm. Kvelden utspeler seg tre gonger – med ulikt
utfall kvar gong; morosamt og til å kjenne seg igjen i.  

Henri er midt i - eller er det etter - leggetid for Arnaud som er seks år og vil ha
sjokoladekjeks. Kanskje han fell til ro med eit halvt eple? Sonia er ikkje einig
om strategien og guten har tross alt pussa tennene. Plutseleg ringer dørklokka
og der står Henris sjef og kona hans. Ein dag for tidleg!   

Henri er klar for å stige i gradene som astrofysikar, - å invitere til middagsselskap er ein nøye
kalkulert plan. Kva no? Det er berre sjokoladekjeks og saltstenger i
kjøkkenskapet. Godt dei har noko vin ståande. Den i utgangspunktet sjarmerande
samtalen avdekker etter kvart ulike undertrykte kjensler … og snart
er det tomt for saltstenger.  

I spennet mellom dei store spørsmåla om verdsrommet og våre små daglegdagse problem er vi overlatne
til det tilfeldige. Små endringar i humør og temperament endrar
ikkje berre denne kvelden, men også framtidsutsiktene for både karrierar og
familie. Intellektuelle, psykologiske og forførande strategiar brukast i
maktkampen som utspeler seg, og både kjønnsrollemønster, karrierejag og
foreldrerolla dissekerast med situasjonskomikk og kvardagsironi.   

 

 

Premiere 18.
mars 2020 

Av
Yasmina Reza 

Omsett av
Svein Selvig 

Regi
Øystein Johansen 

Scenograf
Gjermund Andreasen 

Med
Johanna Mørck, Lars Melsæter Rydjord, Thea Lambrecht Vaulen og Patrik
Stenseth  


Billettar til Livet i tre versjoner

  1. Mån 20. apr kl 19:00 Teatersal ny Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_