Riksteatret: Vaffelhjarte

VAFFELHJARTE - RIKSTEATRET

Ein venn i livet skulle alle ha!

 

Maria Parr er blitt omtala som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk frå Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du glede deg til ein fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vaflar, så klart.

Vaffelhjarte handlar om dei to borna Trille og Lena i den lille bygda Knert-Mathilde. I Riksteatrets store familieframsyning følger vi dei to oppfinnsame borna gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Dei finn på masse moro, gjer rampestrekar og har løyndommar saman. Ofte går det litt over styr i den vesle bygda deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lavmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redsla for å miste dei  han er glad i. Men Farfar følger med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som lagar verdens beste vaflar, forsikrar Trille om at han ikkje treng å være redd. 

--

Sagt om boka: 

"En hyldest til vennskap og fantasi." 
Aftenposten 

"Noen bøker går bare rett hjem. Søker seg frem til hjertet og lattermusklene og blir der" 
VG, 5

--

Passer for born frå 5 år.

På scena
Johanne Fossheim, Vidar Sandem, Kjærsti Odden Skjeldal, Erlend Smalås, Linda Tørklep, Eirik Risholm Velle, Catharina Vu og Martin Karelius Østensen

Team
Regissør: Kjersti Haugen, Musikalsk ansvarlig: Ket Iren Lødemel, Scenograf, Kostymedesigner: Dagny Drage Kleiva, Dramaturg: Tine Thomassen og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Framsyningslengde: 2 timar (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 7. februar 2020

Produsert av Riksteatret 


Billettar til Riksteatret: Vaffelhjarte

  1. Ons 6. mai kl 18:00 Teatersal ny Få billettar
Vis hele programmet
_
_
_