Romjulsdans med Broad Line

Det har blitt ein tradisjon med juledans på kulturhuset, og i år vert ikkje noko unntak. Vi i Broad Line vil i samarbeid med Christian Gard og Ørsta Live syte for god musikk, forfriskingar og meeeget god lyd til folket. Så her er det berre å sette av dagen på kalendaren med ein gong. 

Nytt i år vert våre to nye fantastiske vokalistar, Venche Vartdal Leite og Asle Eiken, samt Stein Henrik Vartdal på keyboard. 

Elles er alt som før: 80-talshits i originalinnpakning. Og vi har sett oss som mål å finne endå fleire monsterhits og gode rytmer å forflytte kroppen til. Vel møtt!


Billettar til Romjulsdans med Broad Line

  1. Lau 28. des kl 21:00 Festsal Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_