Stephen Ackles hyllar Erik Bye

Saman med to musikarar, vil Stephen Ackles ta oss med på eit spennande møte med globetrottaren, kjendisen, musikaren, sjømannen, journalisten og mennesket Erik Bye. Med si lune forteljarstemme, fantastiske songstemme og glimt i auget blir dette eit hyggeleg møte mellom Stephen, Høvdingen og publikum.

Stephen Ackles vil i 2020 kunne feire 40 år som artist. Dette vil han gjere ved å hylle Noreg sin største og einaste høvding; Erik Bye. Stephen var allereie velkjent heime i Brevik då han som femåring stod på bossdunkane og song "Så spiller vi harmonika". Gutungen nekta å gå i seng før han hadde sett ferdig TV-programmet "Vi går ombord" eller "Lørdagskveld med Erik Bye" på slutten av 60-talet, tidleg 70-tal. Erik Bye har vore ein stor og viktig del av Stephen si 40 år lange karriere som musikar. 


Billettar til Stephen Ackles hyllar Erik Bye

  1. Tor 12. mar kl 19:00 Teatersal ny Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_